top of page
Bli medlem i Klones Venelag
Klones Venelag arbeider for å skape nytt liv på Klones gard i Vågå. Målet er å bidra til at staden igjen kan bli ein arena for aktivitet, læring, drift og kurs – og på sikt kanskje òg ein del av eit framtidig skuletilbod i regionen.
Ved å bli medlem støttar du arbeidet med å løfte fram moglegheitene på Klones og skape engasjement rundt staden. Medlemskapet blir betalt som eit eingongsbeløp og varer så lenge Klones Venelag eksisterer – utan årleg eller månadleg fornying.
Du kan velje mellom ordinært medlemskap og redusert medlemskap. Kvar støtte har noko å seie, og kvart medlem er med på å vise at det finst eit ekte engasjement for framtida til Klones.
bottom of page
