
Om venelaget
Klones Venelag
Klones Venelag er eit lokalt initiativ som arbeider for å ta vare på og vidareutvikle Klones. Målet er å sikre staden for framtida og leggje til rette for aktivitet, læring, fellesskap og ny bruk med lokal forankring.
Venelaget ønskjer å samle folk, engasjement og ressursar rundt Klones som ein viktig møteplass og læringsarena. Gjennom medlemskap, informasjon og opne møte vil vi bidra til god forankring i lokalsamfunnet på vegen vidare.
Lokal forankring
Eit initiativ for og med lokalsamfunnet.
Bevaring og utvikling
Vi ønskjer å ta vare på Klones og samtidig sjå framover.
Engasjement og deltaking
Alle interesserte kan
vera med og bidra.

Aksjeteikning
Vil du vere med som medeigar i Klones?
-
Éi aksje er sett til kr 5 000
-
Du betaler ingenting no
-
Bindande aksjeteikning skjer på eit seinare tidspunkt
Klones Venelag samlar inn førehandsinteresse frå personar, selskap og organisasjonar som kan vere interesserte i å teikne aksjar i det planlagde ideelle aksjeselskapet Klones Lærestad AS.
Bli medlem i Klones Venelag
Klones Venelag arbeider for å skape nytt liv på Klones gard i Vågå. Målet er å bidra til at staden igjen kan bli ein arena for aktivitet, læring, drift og kurs – og på sikt kanskje òg ein del av eit framtidig skuletilbod i regionen.
Ved å bli medlem støttar du arbeidet med å løfte fram moglegheitene på Klones og skape engasjement rundt staden. Medlemskapet blir betalt som eit eingongsbeløp og varer så lenge Klones Venelag eksisterer – utan årleg eller månadleg fornying.
Du kan velje mellom ordinært medlemskap og redusert medlemskap. Kvar støtte har noko å seie, og kvart medlem er med på å vise at det finst eit ekte engasjement for framtida til Klones.

Styret
Bjørg Eldri Fritsvold
Styrets leder
Ola Aukrust
Styremedlem
Rolv Vaagaasar
Styremedlem
Jo Kåre Bakke
Styremedlem
Matthias Hauge
Styremedlem
Kai Valbjør
Varamedlem
Ingrid Elisabeth Horntvedt Blessum
Varamedlem
Om Klones
Ein stad med historie og moglegheiter
Klones er ein historisk eigedom i Vågå med djupe røter og stor verdi for bygda og regionen. Gjennom mange år har staden vore knytt til læring, landbruk, fellesskap og praktisk kunnskap.
For mange er Klones langt meir enn bygningar og tun. Staden ber med seg minne, identitet og tilhøyrsle – og representerer verdiar som framleis betyr mykje for folk. Samstundes har Klones også eit stort potensial som møteplass og læringsarena i framtida.
Gjennom Klones Venelag ønskjer vi å bidra til å ta vare på denne verdien og utvikle han vidare til det beste for lokalsamfunnet.
"Klones er ein stad mange bryr seg om
- no handlar det om kva vi gjer vidare"

