Vilkår for tilsagn til kjøp av Klones gard
1. Generelt
Desse vilkåra gjeld for personar og bedrifter som sender inn tilsagn om pengåve, førehandstilsagn om aksjeteikning eller støtte frå bedrift til arbeidet med å sikre Klones gard.
Tilsagnet blir sendt inn via skjema på nettsida til Klones Venelag. Det skal ikkje betalast noko når skjemaet blir sendt inn. Betaling blir berre aktuelt dersom det blir reist nok kapital og kjøpet av Klones kan gjennomførast.
2. Om Klones venelag
Klones Venelag er ei foreining registrert i Noreg med organisasjonsnummer 937 417 675. Foreininga arbeider for å ta vare på og vidareutvikle Klones, og for å skape engasjement rundt framtida til Klones gard.
Klones Venelag arbeider for å leggje grunnlaget for etablering av eit ideelt selskap som kan kjøpe Klones, og for å vere ein medspelar i utviklinga av Klones som kurs- og kompetansesenter for fjellandbruk, matfag og grønt reiseliv.
3. Kva tilsagna gjeld
På nettsida kan du sende inn tilsagn om:
Pengåve til kjøp av Klones gard
Førehandstilsagn om aksjeteikning
Støtte frå bedrift
Tilsagna blir brukte for å få oversikt over om det er mogleg å reise nok kapital til å gjennomføre eit kjøp av Klones.
4. Betaling og bindande tilsagn
Det skal ikkje betalast noko når skjemaet blir sendt inn.
For pengåve og sponsorstøtte frå bedrift er tilsagnet bindande på dei vilkåra som går fram av skjemaet og desse vilkåra. Det betyr at den som sender inn skjema, forpliktar seg til å betale oppgitt beløp dersom styret vurderer at det blir mogleg å reise tilstrekkeleg kapital innan 1. juli, og betalingsoppmoding blir sendt på e-post.
For førehandstilsagn om aksjeteikning er innsendinga å sjå som ein indikasjon på interesse for å teikne aksjar. Bindande teikning av aksjar vil skje på eit seinare tidspunkt, i tråd med reglane i aksjelova.
Dersom kjøpet ikkje blir aktuelt, eller det ikkje blir vurdert mogleg å reise tilstrekkeleg kapital, vil det ikkje bli sendt betalingsoppmoding.
5. Vilkår for pengåve
Denne delen gjeld for deg som sender inn tilsagn om pengåve til mogleg kjøp av Klones.
Ved å sende inn skjema for pengåve stadfestar du at du har lese og godteke vilkåra, og at du gjev følgjande bindande tilsagn:
Eg/vårt selskap/vår organisasjon ønskjer å gje oppgitt pengesum i gåve til mogleg kjøp av Klones. Pengane skal betalast til det ideelle aksjeselskapet Klones lærestad AS som skal kjøpe Klones, dersom styret vurderer at det blir mogleg å reise tilstrekkeleg med kapital innan 1. juli. Eg/vi forpliktar meg/oss til å betale innan 10 dagar til oppgitt kontonummer når eg/vi eventuelt får e-post frå Klones Venelag eller Klones lærestad AS med oppmoding om betaling.
6. Vilkår for førehandstilsagn om aksjeteikning
Denne delen gjeld for deg som sender inn førehandstilsagn om aksjeteikning i Klones lærestad AS.
Ved å sende inn skjema for førehandstilsagn om aksjeteikning stadfestar du at du har lese og godteke vilkåra, og at du gjev følgjande indikasjon på interesse for aksjeteikning:
Det ideelle aksjeselskapet Klones lærestad AS ønskjer å reise opp til 10 millionar kroner i aksjekapital for å finansiere mogleg kjøp av Klones. Eg/vårt selskap/vår organisasjon ønskjer å teikne oppgitt antal aksjar à kr 5000 i det ideelle aksjeselskapet Klones lærestad AS. Bindande teikning av aksjar vil skje i tråd med reglane i aksjelova. Det vil skje på eit seinare tidspunkt. Nærare informasjon vil koma. Dette er difor å sjå på som ein indikasjon på at eg/vårt selskap/vår organisasjon vil vere interessert i å teikne oppgitt antal aksjar à kr 5000 i Klones lærestad AS ved planlagt emisjon/kapitalauke i juli, gitt at det lukkast å reise tilstrekkeleg med kapital til å kjøpe Klones.
7. Vilkår for sponsorstøtte frå bedrifter
Denne delen gjeld for bedrifter som sender inn tilsagn om sponsorstøtte til mogleg kjøp av Klones.
Ved å sende inn skjema for sponsorstøtte stadfestar bedrifta at vilkåra er lesne og godtekne, og at bedrifta gjev følgjande bindande tilsagn:
Vår bedrift ønskjer å gje oppgitt sum i gåve til kjøp av Klones. Vilkåret for gåva er at logoen vår får plass på ei tavle på Klones, saman med logoane til andre bedrifter som yter gåver. Vidare er vilkåret at vår logo er godt synleg på heimesida til Klones venelag og seinare på heimesida til Klones lærestad AS, og at vi får tildelt klistremerke som synleg bevis på at vi støttar kjøp og drift av Klones. Pengane skal betalast til Klones lærestad AS, dersom styret vurderer at det blir mogleg å reise tilstrekkeleg med kapital innan 1. juli. Vi forpliktar oss til å betale innan 10 dagar til oppgitt kontonummer frå den dagen vi eventuelt får epost frå Klones venelag eller Klones lærestad AS med oppmoding om betaling.
8. Opplysningar ved innsending
Ved innsending av skjema blir du beden om å oppgi nødvendige opplysningar for å administrere tilsagnet og følgje opp eventuell betaling.
Den som sender inn skjemaet, er sjølv ansvarleg for at opplysningane som blir sende inn, er riktige.
9. Personopplysningar
Klones Venelag behandlar personopplysningar i samband med innsending og oppfølging av tilsagn.
Opplysningane blir brukte for å administrere tilsagnet, følgje opp eventuell betaling, sende relevant informasjon om arbeidet med Klones og oppfylle eventuelle lovpålagde plikter.
Opplysningane blir ikkje brukte til andre formål utan samtykke.
10. Endring eller trekking av tilsagn
Dersom du har sendt inn feil opplysningar, eller ønskjer å endre tilsagnet ditt, ber vi deg ta kontakt med Klones Venelag så snart som mogleg.
Eventuelle spørsmål om endring eller trekking av tilsagn blir vurderte konkret av Klones Venelag.
11. Kontakt
Spørsmål om tilsagn, betaling eller vilkår kan rettast til Klones Venelag via kontaktinformasjonen som til kvar tid er oppgitt på nettsida.
12. Endringar i vilkåra
Klones Venelag kan oppdatere desse vilkåra ved behov. Dei til kvar tid gjeldande vilkåra vil vere tilgjengelege på nettsida.
Sist oppdatert 29.4.26

