Vil du støtte Klones Venelag?
Klones Venelag arbeider for å skape nytt liv på Klones gard i Vågå. Målet er å bidra til at staden igjen kan bli ein arena for aktivitet, læring, drift og kurs – og på sikt kanskje også ein del av eit framtidig skuletilbod i regionen. Ønskjer du å bidra til at vi lukkast med dette målet, kan du gi ei frivillig pengegåve til arbeidet som no blir gjort. Du vel sjølv beløpet, og alle bidrag er med på å løfte Klones vidare.
Arbeidet krev både tid og ressursar. Venelaget har utgifter knytt til mellom anna juridisk arbeid, nettside, informasjonsarbeid og vidare organisering av prosjektet. For at dette arbeidet skal kunne halde fram på ein god måte, tek vi imot frivillig støtte frå alle som ønskjer å bidra.
Dette er ei frivillig gåve til arbeidet Klones Venelag gjer no. Du vel sjølv beløpet du ønskjer å støtte med. Alle bidrag, små og store, er med på å løfte arbeidet vidare.
