top of page
SRB_8142.jpg

Støtte frå bedrift til kjøp av Klones gard

Klones Venelag samlar inn bindande lovnader om støtte frå bedrifter som ønskjer å bidra til eit mogleg kjøp av Klones gard.

Minimumsbeløpet for bedriftssponsing er 5 000 kr. Som takk for støtta får bedrifta synleggjering slik det er skildra nedanfor.

Ved å sende inn skjemaet gir bedrifta ei bindande tilsegn om støtte dersom kjøpet blir gjennomført og det blir reist nok kapital.

Det skal ikkje betalast noko no. Dersom kjøpet blir realisert, får bedrifta betalingsinformasjon på e-post.

 

Beløpet skal då betalast innan 10 dagar etter at betalingsoppmoding er sendt ut. Dersom kjøpet ikkje blir gjennomført, blir det heller ikkje sendt betalingsoppmoding.

Dette får bedrifta ved gjennomført kjøp

Som takk for støtta får bedrifta synleggjort logoen sin på ei tavle på Klones, saman med andre bedrifter som bidreg. Logoen vil også bli synleg på nettsida til Klones Venelag, og seinare på nettsida til Klones Lærestad AS dersom kjøpet blir realisert.

Bedrifta får:

  • logo på støttetavle på Klones

  • logo på nettsida til Klones Venelag

  • logo på nettsida til Klones Lærestad AS

  • klistremerke som viser støtte til Klones

Støtte frå bedrift til kjøp av Klones gard

Opplysningane som blir sende inn, blir behandla konfidensielt. Berre personar som treng tilgang for å administrere tilsagnet og følge opp arbeidet med Klones, får innsyn i opplysningane.

bottom of page